REKO-ringen Sogndal
REKO-ringen Sogndal har utlevering på parkeringsplassen ved Nortura sitt anlegg på Granden i Sogndal.
Velg produsent

Velkommen til Njøsagarden Kvaole. Her bur Jostein Kvåle og Jorunn Havsgård, 100 sauer, 40 geiter og ein katt.
Njøsagarden Kvaole ligg rett utanfor Sogndal sentrum. Me driv gard med sau og ammegeit/ kasjmirgeit. Sauen leverar me til systemet, mens produkt av geit prøver me å omsetja sjølv på marked, via rekoringen sogndal og no nettbutikk på Localfood.no. Drifta vår er basert på å utnytte beite/ utmark så langt me kan. Kjea lever det gode liv ute med mjelk frå mor og det dei finn av grønt i naturen. Dei fleste blir slakta på Vikja, eit lokalt slakteri. Dette for å levera lokalmat rett frå naturen med minst muleg stress for dyra. Det er og mulig å ta kontakt og handle direkt hos oss. Ja til lokalmat og berekraftige bygder.

Økologisk eggproduksjon med fokus på dyrevelferd.
Mellom høge fjell i ein trong dal ligg Støylen Egg. Etter over 50 år med eggproduksjon i forskjellige drifts- former, har vi no 7500 høner i aviar økologisk eggproduksjon. Her lever hønene i eit fritt miljø der dei har tilbud om å gå ut i det fri heile året. Hønene har tilgang til mat og vatn inne, og naturleg dagslys får dei frå "Solatube" dagslyssystem gjennom taket. Og i tillegg til den ekstra gode plassen inne i huset og tilgang til uteområde, så gjer vi kvar dag det vi kan for at hønene har det så godt som mogeleg.
